Sommerleir 2007

 

Denne sommaren, som dei flesta andre somrer, starter ikkje før GM Cho sin sommerleir på Brandbu er i gang. Og, i år, som dei fleste andre år, reiser ein gjeng frå klubben på leir. Det som er det fine, er at det alltid er med nye på leir – og dei vert som regel med neste år også.

 

Vel, totalt var vi 16 utøvere og 6 familiemedlemmer som reiste nedover. Dei fleste reiste fredag 29 juni for å få med seg dan-gradering, der vi hadde 3 som skulle graderast. Det var  Mads, Emir og Sohrab.

 

Graderinga starta som vanleg med grunnteknikker i forskjellige kombinasjoner og gjekk vidare med mønster, forskjellige step-teknikkar, sjølvforsvar, kamp og tilslutt knusing av plater og takstein.

 

Gutane våre var flinke men slitne og veldig spent på resultatet som skulle offentleggjerast kl 20.00 samme kveld.

Kan vel seie det med det same: GRATULERER MADS, EMIR OG SOHRAB!!!

 

Søndag var det opningsseremoni, med overrekking av TTU-diplom til dei som hadde bestått graderinga. Dette er ein veldig høgtidelig seremoni – med deltakere frå mange land - unge og gamle - med kun stearinlys som lyskilde.

 

Dermed var leiren offisielt i gang – no var det trening frå kl 06.00 til 19.00 – kvar dag. Treningane er delt inn i beltefarger, og alle har 2 treningsøkter kvar dag. I tillegg kan ein dagleg være med på morgenmeditasjon og tema-tematreninger. Som instruktører er det høgt graderte mastere frå Norge, Korea, Danmark og Frankrike. Dermed får ein inn nye impulser og knep som ein kan ta med seg heim til klubben sin.

Dei som har med seg foreldre, kan sende dei av gårde til foreldretreninga to ganger for dag. Der får dei god trening og innføring i TKD med dei same masterane.

 

Utenom treninga er det mykje sosialt, enten innad i klubben, eller også med andre klubber. Det er ballspell i forskjellige varianter på plenen, biljard, darts eller div kortspel i peis-stova. Av faste innslag på leiren er fellestur til stranda og grilling. Dessverre var været for dårlig til at vi kunne reise på stranda, så strandleikane tok vi i hallen. Grilling derimot, er ikkje noke problem i regnvær – vi har tak over grillane…..og dyktige grillsjefer…….;-)

 

Det skjedde mykje moro på denne leiren, men alt skal ikkje offentleggjerast, vil likevel få med nokre stikkord;

 

liten pizza? spøkelse? telt eller…. våt sovepose musikk eller noke sånt…..

 

Lørdag 7 juli var det imidlertid slutt - det var heimreise – men eg trur eg har flesteparten med meg når eg seier at: EG GLER MEG TIL NESTE ÅR!

 

Nina

Se album
Se album
Se album
TraditionalTaekwondoUnionNorge
Traditional Taekwondo Union
NYTT ! !

05.04.07

Sist oppdatert

28.04.08

Betaling kontingent, Våren 2008

Invitasjon til TTU sommerleir 2008

Rapport fra VC stevnet 9. feb. 08

Gradering sommer 08 med GM Cho

Rapport fra VM April 08

Avlyst trening Onsdag 7. mai og torsdag 8. mai