Hei.
Her kjem nokon ord om barnefestivalen.
På Kampsport
Region Vest si heimeside står det
følgjande :
"Lørdag 30 april ble
det arrangert barnefestival i Bergen. Barn mellom
6 og 11 år fikk vise
mønster, de gikk kamp mot hverandre uten kontakt,
og de deltok også i en
hinderløype hvor målet var å gjennomføre på
kortest mulig tid. 46 barn
deltok, og de gjorde en kjempegod innsats.
Alle fikk velforkjent medalje og
diplom med seg hjem!"
I frå Sunnfjord taekwondo var det fire utøvarar som
tok vegen heilt
til Bergen. To jenter frå nybyrjarpartiet og to gutar frå
vidaregåande
barneparti. Me møtte opp i Åstveithallen omlag 20 minutt før
stemnet
skulle starte. Eg må innrømme at det såg litt kaotisk ut med det
same
me kom innanfor døra i hallen. Masse ungar og ein del voksne ute
i
inngangspartiet og ein tom idrettshall. Ikkje lenge etterpå var
master
Birger Røsæther og dei andre som stod for arrangementet i full gang
med å rigge til slik at festivalen kunne ta til, 15 minutt på
overtid.
Dei tre øvelsane var frivillige slik at barne kunne velgje kva
dei
ville vere med på. Gutane frå STKD gjekk mønster og
speedbreaking.
Jentene fekk og med seg kampøvelsen i tilegg til dei to
andre.
Frå min ståstad som barnetrenar i STKD vil eg seie at det var
flott å
få sjansen til å delta på barnefestivalen med nokon av barna
i
klubben. Takk til foreldra som tok turen til Bergen. Barna
trenar
kvar einaste veke i dojangen i Førde. Trur difor det er positivt
å
kunne få sjansen til å utøve idretten sin i lag med barn frå
andre
klubbar. Barna veks på å få vise det dei kan på ein heilt ny plass
og
med mange nye menneske til stades. Dei får og sjansen til å sjå
korleis
dei ligg an i forhold til dei andre, pluss at dei får
kommentar på det dei
gjer, av erfarne mastere.
Når det gjeld dykk fire som deltok på
festivalen vil eg seie ein ting;
flott innsats. Det var virkelig kjekt å vere
publikum å sjå at de
representerte klubben dykkar på ein kjempefin måte. Til
dykk foreldre,
dette kan anbefalast. Kjempegøy.
Les mer på
Kampsport Region
Vest