VELKOMMEN TIL TRENING I SUNNFJORD TAEKWONDO.

 

KVA ER TAEKWONDO?

Taekwondo er ein kampsport som kjem frå Korea. Taekwondo er nasjonalsporten i Sør Korea og ved dei olympiske leikar i Sydney i  2000 var taekwondo med for første gong som offisiell øvelse. Taekwondo har røter som strekkjer seg over 2000 år tilbake. I Korea har dei funne teikningar og maleri på veggane i huler og i tempel som er svært like dei teknikkane me brukar i dagens taekwondo.

 

Direkte oversett tyder taekwondo; fot( tae symoliserer nedre del av kroppen), hand(kwon, symoliserer øvre del av kroppen), kunst/vei(do, som symboliserer hovudet eller tanken/ånda)Cho 2005.  Sporten taekwondo prøver med andre ord å stå for noko heilheitleg. Me skal ikkje berre trene kroppen vår men og hovudet. Dette kan vere vanskeleg å skjønne i byrjinga, men du kjem til å lære mykje om dette etterkvart.

 

KVEN KAN TRENE TAEKWONDO?

Vår øverste leiar Grandmaster Cho seier i juniorboka si at taekwondo er ein sport for alle frå ein er rundt åtte år og så lenge ein lever. Eg trur gm Cho seier  dette fordi taekwondo er ein sport der me prøver å leggje vekt på personleg utvikling. Me er forskjellige som menneske og dette må me prøve å ta hensyn til når me trenar. I Sunnfjord taekwondo har me utøvarar frå 8 til over 50 år og då seier det seg sjølv at her er det mange forskjellige menneske, som alle stiller med sine forutsetningar og motiv for å drive med sporten. Dette må takast hensyn til når me trenar

.

KVIFOR TRENAR ME TAEKWONDO?

Det er mange grunnar til å trene taekwondo. Du kan lære å konsentrere deg betre og ha god disiplin. Dette vil kunne virke positivt inn ved at du til dømes vert flinkare med skulearbeidet. Taekwondotrening kan og hjelpe deg å få betre sjølvtillit, noko som kan føre til at det kan verte lettare å takle nye situasjonar og nye menneske. Taekwondo hjelper deg og til å kunne få ein sterkare og mjukare kropp.  På taekwondotreningane lærer me og om det å ha respekt for og å samarbeide med andre mennesker(Cho 05).

 

 I løpet av den tida de trenar denne sporten vil de lære mange teknikkar som kan vere farlige for andre menneske. Difor; misbruk aldri det du lærer her på treningane. Det vil kunne føre til at du ikkje vil kunne trene meir i klubben vår. Dessutan kan du påføre andre stor skade. Ein av reglane i taekwondo seier at du skal som utøvar vere med å bygge ein fredlegare verden. Tenk litt på den regelen, korleis kan eg som trenar ein sport der eg lærer å ”slost”, vere med å bygge ein fredligare verden? For oss som er trenarane dine er det  viktig at du tek med deg ut av dojang ei auka respekt og omsorg for dei menneska du har rundt deg. Det er starten.

 

TRENINGSTIDER:

Nybyrjar gruppe:

Onsdag kl. 1800 til 2000

 

Møt opp i god tid. Du skal vere oppstilt når tida er der.

 

TEORI OG INFORMASJON.

Skaff dykk ei a4 bok å skrive i/lime inn info i eller ha ein liten perm å ha den i. I taekwondo er det teori å lære for kvar grad ein har. Det er lurt å begynne å skrive ned/ samle på denne allereie frå starten av. Internettsida vår vil me nytte aktivt for å nå ut med informasjon til medlemmane våre. Gjer det difor til ein regel at du sjekkar denne om det er nyheter som gjeld deg. På nettsidene står det og teori som du skal kunne. Her kan du til dømes lese om grandmaster Cho, øverste leiaren for mange taekwondoklubbar i Noreg.  Adresse til nettsida vår: http://www.taekwondo-sf.com/

 

GRADERING.

I klubben har me gradering til nytt belte to gangar per år, til jul og til sommaren. Det er forskjellig kor lang tid den enkelte brukar mellom kvar gradering. Slik må det også vere. For dei som trenar på nybyrjarpartiet for barn let me det gå eit år før første gradering.

 

 

KONTAKTINFORMASJON:

Sunnfjord taekwondo

Postboks 765

6801 FØRDE

Internettadresse: http://www.taekwondo-sf.com/

 

 

TRENAR BARNEGRUPPE:

Mads Naustdal

E-mail barnetrenar: mads33@hotmail.com

Mobilnr: 93 00 93 34

 

 

Diverse nyttige nettsider:

Kampsportforbundet: http://www.kampsport.no/

Idrettsforbundet: http://www.idrett.no/t2.asp

Traditional taekwondo union(TTU):  http://www.ttu.no

På desse sidene kan du blant anna lese om forsikringa som omfattar barnet ditt.

TTU er Grandmaster Cho sin organisasjon som blant anna arbeider for den tradisjonelle taekwondoen.

 

 

Chågyå Bjarte

INFO TIL BARN SUNNFJORD TAEKWONDO
TraditionalTaekwondoUnionNorge
Traditional Taekwondo Union
NYTT ! !

05.04.07

Sist oppdatert

24.01.12

Medlemskontingent våren 2012

NY info

til

barnepartiet